Skip links

Jølster Betongbygg er ein lokalkjend, erfaren og påliteleg betongentreprenør med tilhaldsstad på Vassenden i Jølster. Ottar Berg er leiar av bedrifta og har sidan 1996 styrt bedrifta gjennom oppgangar og utfordringar. Sjølv har dagleg leiar Ottar over 30 års erfaring i betongbransjen, 3 fagbrev innanfor forskaling, armering og betong i tillegg til ei rekkje andre kompetansebevis og kurs. Jølster Betongbygg AS består av 7 faste tilsette og 2 lærlingar som alle lever etter mottoet «Kvalitet til rett tid». Vi utfører alt innan betongarbeid til alle typar bygg og formål, for alle typar kundar hovudsakeleg i Sunnfjord. Vi tek også på oss enkelte oppdrag i heile Sogn og Fjordane og Hordaland. Bedrifta vår er Sentralt Godkjent innanfor «Plasstøpte betongkonstruksjoner tiltaksklasse 2», er StartBANK Leverandør og Godkjent Lærebedrift i betongfaget.

Kompetansebevis

VÅR HISTORIE

Visste du at Jølster Betongbygg vann Gaselleprisen 4 år på rad?

Vår verksemd har ei lang og spennande historie full av oppturar og nokre nedturar, og vi har opplevd mykje for å kome til der vi er i dag. Hvis du ønskjer å bli betre kjend med oss så kan du lese meir om vår historie her.

LES MEIR

VÅRE TILSETTE

Vi har over 100 års bransjeerfaring fordelt på 9 tilsette

Vi har fokus på trivsel og kvalitet, og er stolte av å ha dyktige tilsette som med sin formelle kompetanse og erfaringsbaserte kunnskap bidreg til at vi kan leve opp til mottoet vårt; «Kvalitet til rett tid». Bli kjend med dei her.

Møt våre tilsette